
133 KM. 1500 HØYDEMETER.
EVENTYRØYA.
Eit Noreg i miniatyr. Eventyrøya. Marknadsføringa av Senja kan vitne om desperasjon frå lokale turiststyresmakter for å kome ut av skuggane som Lofoten og Vesterålen kaster over Noregs nest største øy. Men kva gjer vel det når den stemmer. Du skal leite lenge eit geografisk område så kompakt og mangfaldig som Senja. Sleng på fleire flotte stigningar, grusvegar og lite trafikk. Resultatet. Ein av dei flottaste og mest komplette rundturane i landet.
Finnsnes er ein fin base for turen. Kommunesenteret i Lenvik har fleire overnattings- og serveringstilbod, og er stoppestad både for hurtigrute og hurtigbåt om du kjem frå Tromsø eller Harstad. Det finst også fleire overnattingstilbod på Senja, sjølv om det er lengre mellom fasilitetane. Eit anna alternativ er å byrje frå Tromsø og sykle via Kvaløya. Ein drøy tur på over 25 mil. Men her kan du restituere deg på vafler under fergeturen mellom Brensholmen på Kvaløya og Botnhamn på Senja som tar 50 minutt kvar veg. Det er fleire smale og mørke tunellar på turen rundt Senja. Bruk lys!
Etter nokre kilometer frå Finnsnes sentrum sykler du over Gisundbroa til Senja. Ta til venstre på Fv. 86. Då får du stigninga opp til Skalandstunnellen under open himmel i staden for ein mørk tunnel. Partiet etter Silsand er kanskje det minst interessante på turen. Om vi skal vere kyniske grinebitarar. Då passer det bra med nokre obskure fylkesvegar. Ta av til venstre etter 5 km og fylkesveg 860. Der du kan velge mellom to ulike grusparti. Anten å ta av mot Senja camping og sykle den 10 km lange Jonsgårdveien eller fortsette eit stykke vidare til den 7 km lange Fv 228.
Når du kjem ut på fast dekke igjen tar det ikke lang tid før du begynner den slake stigningen opp Svandalen. Det sykkelkommentatorar vil kalle ei falsk flate. Det er lett å gløyme at du er på ei øy. Eit fjellandskap som du vanlegvis finner lengre inn i landet. Men på Senja er det kort veg frå innland til kyst. Det går kjapt ned til Straumsbotn og du må halde tunga rett i munnen på fylkeskommunal vegstandard for å ikkje bli distrahert av den flotte Tromdalen. Nede ved fjorden tar du av på Fylkesveg 862 og stigninga opp Krokelvdalen. Ikkje noko å skryte av for ein seig vestlending som trener bakkeintervallar på Sognefjell, men ei lang og bratt klatring i nordnorsk samanheng. Bakken tar deg bokstaveleg talt inn i fjellheimen. Toppen er ved inngangen til den 1.8 km lange Skalandtunellen. Det går fort nedover i tunnellen. Men ta det med ro. Sjølv om det er gjort somme utbetringer dei siste åra er det fortsatt ein smal tunnel med mørke punkt. Det er ei openbaring å kome ut på andre sida. Eit fantastisk fjellandskap omringer deg. Høg kink-i-nakken-faktor. Etter ei kort nedstigning kjem du til det første utkikkspunktet som er ein del av nasjonal turistveg, og som gjev deg eit flott skue over Bergsfjorden og den svingete vegen ned til Bergsbotn. Herfra er det 7-8 kilometer til du tar av til høgre og fylkesveg 862. Ei kort stigning før du kjem til den 1290 meter lange Steinfjordtunellen som er av den gode gamle sorten som er hugget inn i fjellet. For hand.

