SENJA

Djevelens tanngård, Mefjorden. Foto: Jørn Henriksen.

133 KM. 1500 HØYDEMETER.

EVENTYRØYA.

Eit Noreg i miniatyr. Eventyrøya. Marknadsføringa av Senja kan vitne om desperasjon frå lokale turiststyresmakter for å kome ut av skuggane som Lofoten og Vesterålen kaster over Noregs nest største øy. Men kva gjer vel det når den stemmer. Du skal leite lenge eit geografisk område så kompakt og mangfaldig som Senja. Sleng på fleire flotte stigningar, grusvegar og lite trafikk. Resultatet. Ein av dei flottaste og mest komplette rundturane i landet.

Finnsnes er ein fin base for turen. Kommunesenteret i Lenvik har fleire overnattings- og serveringstilbod, og er stoppestad både for hurtigrute og hurtigbåt om du kjem frå Tromsø eller Harstad. Det finst også fleire overnattingstilbod på Senja, sjølv om det er lengre mellom fasilitetane. Eit anna alternativ er å byrje frå Tromsø og sykle via Kvaløya. Ein drøy tur på over 25 mil. Men her kan du restituere deg på vafler under fergeturen mellom Brensholmen på Kvaløya og Botnhamn på Senja som tar 50 minutt kvar veg. Det er fleire smale og mørke tunellar på turen rundt Senja. Bruk lys!

Etter nokre kilometer frå Finnsnes sentrum sykler du over Gisundbroa til Senja. Ta til venstre på Fv. 86. Då får du stigninga opp til Skalandstunnellen under open himmel i staden for ein mørk tunnel. Partiet etter Silsand er kanskje det minst interessante på turen. Om vi skal vere kyniske grinebitarar. Då passer det bra med nokre obskure fylkesvegar. Ta av til venstre etter 5 km og fylkesveg 860. Der du kan velge mellom to ulike grusparti. Anten å ta av mot Senja camping og sykle den 10 km lange Jonsgårdveien eller fortsette eit stykke vidare til den 7 km lange Fv 228.

Når du kjem ut på fast dekke igjen tar det ikke lang tid før du begynner den slake stigningen opp Svandalen. Det sykkelkommentatorar vil kalle ei falsk flate. Det er lett å gløyme at du er på ei øy. Eit fjellandskap som du vanlegvis finner lengre inn i landet. Men på Senja er det kort veg frå innland til kyst. Det går kjapt ned til Straumsbotn og du må halde tunga rett i munnen på fylkeskommunal vegstandard for å ikkje bli distrahert av den flotte Tromdalen. Nede ved fjorden tar du av på Fylkesveg 862 og stigninga opp Krokelvdalen. Ikkje noko å skryte av for ein seig vestlending som trener bakkeintervallar på Sognefjell, men ei lang og bratt klatring i nordnorsk samanheng. Bakken tar deg bokstaveleg talt inn i fjellheimen. Toppen er ved inngangen til den 1.8 km lange Skalandtunellen. Det går fort nedover i tunnellen. Men ta det med ro. Sjølv om det er gjort somme utbetringer dei siste åra er det fortsatt ein smal tunnel med mørke punkt. Det er ei openbaring å kome ut på andre sida. Eit fantastisk fjellandskap omringer deg.  Høg kink-i-nakken-faktor. Etter ei kort nedstigning kjem du til det første utkikkspunktet som er ein del av nasjonal turistveg, og som gjev deg eit flott skue over Bergsfjorden og den svingete vegen ned til Bergsbotn. Herfra er det 7-8 kilometer til du tar av til høgre og fylkesveg 862. Ei kort stigning før du kjem til den 1290 meter lange Steinfjordtunellen som er av den gode gamle sorten som er hugget inn i fjellet. For hand.

Bergsbotn.

På andre sida av Steinfjordskardet får du eit flott utsyn mot fjorden og storhavet før du syklar vidare langs Steinfjorden. Når du nærmar deg Tungeneset får du auge på ei vill fjellrekke på andre sida av Ersfjorden som lokale reiselivsaktørar ikkje treng å photoshoppe. Djevelens tanngard. Bruk siste rest av mobildata og last opp i hytt og vær. Inst i fjorden finner du den fantastiske Ersfjordstranda som kan få den mest rasjonelle til å ignorer badetemperaturane og hoppe uti. Heile Ersfjorden er ein himmelsk plass på jord. Stikkord. Fjell, hav, kvitstrand og kulturlandskap. Her ligg også ein av dei største turistattraksjonane på Senja. Som er menneskeskapt vel og merke (i hard konkurranse med Trollet på Senja). Gulldoen. Ja, ein do som ser ut som han er laga av gull. Vent med å prøve ut pisse-i-fart-teknikken som du har sett når tv-produksjonen glipper og prøv heller ut gulldoen. Sikkert både meir behageleg, hygiensk og trygt. Etter Ersfjorden venter ein ny tunell. Den 2147 meter lange Geitskartunellen. Som har to kjørefelt! Og lys. Standarden er så bra at han vart valt som tusenårsstad i Berg kommune. På andre sida kjem du til fiskeværet Senjahopen som har daglegvarebutikk og MIX-kiosk (ein kort avstikker frå hovedvegen). Her har du med andre ord sjanse for å levere inn tippekupongen om du har gløymt det. Og ta deg ein slush i same slengen. Mefjorden er også smått fantastisk og vegen sirklar seg langs fjorden mot Mefjordbotn. Du syklar gjennom 3 korte tunellar før du tar fatt på den 1.6 km lange stigninga opp Mefjordbotneidet. Pass på å nyte utsikta mot den spektakulære nordveggen til Breitinden før svetta øydelegg sikta. Fjellet er det høgaste på Senja.

Når du kjem over toppen av Medfjordbotn forlater du den ville yttersia av Senja. Du får god fart i den slake og rette utforkøyringa ned mot fjorden om ikkje vinden står altfor hardt på. Nede ved fjorden tar du av til Botnhamn om du skal til Kvaløya og Tromsø. Resten av turen mot Finnsnes går i meir typisk nordnorsk fjordlandskap med enkelte myrområde og slake og skogkledde fjell. Du har flott utsikt mot delar av Kvaløya, indre Troms og Lenvik. Kistefjell med si tv-antenne (går grusveg opp dit) er ei grei rettesnor på kor du skal. Finnsnes ligg ved foten av fjellet.

Senja består av mange små bygder og fiskevær. Ofte plassert bak eit fjell. Som du må over. Gryllefjord, Torsken, Flakstadvåg. Alle desse er verdt eit besøk. Men om vi skal plukke ut ein avstikker frå ruta må det bli turen over Kaperskaret som ligg midt i hjartet av Ånderdalen nasjonalpark. Klatringa er i seg sjølv ein god grunn for å ta turen, men bakken fanger også essensen av Senja. Høgfjell på den eine sida, alpint fjordlandskap på den andre. Kun skilt av ein kort tunnell. Sjølvsagt utan lys.

På Finnsnes finner du flere kafeer og spisestader. En kaffe té og Byens bistro kan vere fine plasser for ein kaffe eller to både før og etter turen. Disse serverer også mat i ulik grad. Det er få kaffestopp på turen. Kanskje ikkje eit verdsproblem, men vi set pris på kaffestoppen vår. Senja har litt å gå på her samanlikna med sine naboar i sør, noko som har ein samanheng i utviklinga av turismen.  Kråkeslottet har ein flott kafé som vanlegvis har vore open i juli. Men dette blir ein avstikkar på totalt 12 km frå ruta. Men det kan vere verdt dei ekstra kaloriane. Du har også ein daglegvarebutikk på Gibostad som er ein kort avstikker. På Silsand er det eit fint bakeri med ein kafé. Kaffen er ikkje noko å skryte av, men bollane er gode. Her finner du også institusjonen Senjastua som er ei vegkro av den gode gamle typen.

Tour de Senja blir arrangert i midten av juli kvart år og går rundt øya. 3. etappe av Arctic Race of Norway i 2015 gjekk også i same trasé med avslutning i Målselv fjellandsby.

 

Kommenter innlegget