
Tamokdalen. Foto: Jørn Henriksen.
Vi forbannar oss over den lange vinteren, turar som minner om årskavalkadar for været som har vore og solbrune og lettstemte søringar som allerede har sykla eit par månader før vi kjem oss ut på vegen. Men til trass for dette. Det er få ting som kan slå ein sykkeltur i vår kjære landsdel. Stille og vakre sommarkveldar, kontrasten mellom den grønne kysten og dei snøkledde fjelltoppane ein klar vårdag, dei smale vegane som presser seg inn mellom hav og fjell, det opne og storslåtte landskapet som både gjev ei kjensle av å vere liten og ein del av noko større, alle dei trivelege og pratesjuke folka på fråflyttingstrua stader som aldri eller sjeldan stjeler overskriftene.
SESONGEN
Sykkelsesongen i Nord-Noreg går frå siste halvdel av april til september. April, mai og slutten av september kan vere lunefulle med tanke på snø og frost. Samstundes er det fullt mogleg å få seg mange mil på sykkelsetet i april, september og til og med oktober om været slår til. Det er også geografiske skilnader i vår langstrakte landsdel. Kystnære område kan ha lengre sesongar, og det er ikkje uvanleg med snøfrie periodar i vintermånadene.
Om du skal reise til Nord-Noreg er siste halvdel av mai, juni, juli og august dei sikre periodane. Då kan du i tillegg sykle på alle tider av døgnet. Det er midnattsol og lyst heile døgnet i perioden fra mai til siste del av august. Perfekt for lange turar.
VÆR OG VIND
Det er mykje vær og vind i Nord-Noreg. Vi kan ha fine dagar der det mogleg å sykle i kortbukser og oppbretta armar, men når sommaren vert oppsummert kan vi ofte telle desse på hendene til ein nordnorsk kystfiskar. Og då må du rekne med eit par amputerte fingrar etter eit tøft yrkesliv. Det er berre å ta ein kjapp titt på gjennomsnittstemperaturen. I Tromsø ligg han på litt under 13 grader i juli som er den varmaste månaden. Tøyet som du brukar om våren og hausten gjer også si nytte på mange sommardagar. Været skifter dessutan fort, spesielt ved kysten. Dette er viktig å ta høgde for når du drar ut på tur.

Grunnførfjorden. Foto: Jørn Henriksen.
VEG OG TRAFIKK
Tromsø, Finnsnes (Senja), Lofoten og Vesterålen har eit vegnett der du ofte kan ta fleire rundturar med base på ein plass. Her ligg mange av dei flotte turane rundt nokre av dei største øyene i landet som Senja, Langøya, Kvaløya og Vestvågøy. I Finnmark er det ofte berre ein stamveg (E6 eller E69) med isolerte avstikkere til kysten. Det er ikkje utan grunn at det kan vere omkjøring via Finland om E6 er stengt. Du syklar deg heller ikkje vill sør for Bodø, sjølv om vegnettet er noko meir utbygd enn i Finnmark.
Det er ikkje mykje trafikk på nordnorske vegar, spesielt om du held deg på mindre fylkesvegar. E6 og dei andre Europavegane er noko heilt anna enn same vegar i andre delar av landet. E6 i Nord-Noreg kan samanliknast med ein godt trafikkert fylkesveg på sentrale austlandsområdet eller E39 på Vestlandet. Du må rekne med litt meir trøkk på vegane til populære turistmål under fellesferien og innfartsårene til dei største byane.
KOST OG LOSJI
Du kjem langt på nordnorsk gudstru og sjøbris, men etterkvart må det påfyll til i form av mat og drikke. Det er ikke flust med kafear og spisestader langs vegane, og dei som finst er av ymse kvalitet. Heldigvis blir den kritiske sansen kraftig redusert etter eit titals mil i nordavinden. Men dei siste åra har det dukka opp kvalitetsstader der ingen trudde at nokon skulle bu, spesielt om sommaren. Ein trend som forhåpentlegvis held frem.
På mange turar må ein likevel sette sin lit til daglegvarebutikkar. I distrikta har desse ofte ein kaffekrok der det er mogleg å slå av ein prat med lokalbefolkninga om været, vegstandarden og fiskekvotene. Men mange daglegvarebutikkar i distrikta stenger ofte tidlegare. På søndagar og heilagdagar må du i nokre tilfelle basere deg på å ta med det du treng. Det er vanligvis ikkje noko problem å fylle flaskene på turen med friskt fjellvatn.
I kvar enkelt turomtale vil vi nemne kafear verdt å besøke, samt matbutikkane langs vegen. Men det er også viktig å undersøke dette sjølv før turen.

Foto: Jørn Henriksen.